Turneringsreglement

SPELREGLEMENT

NFF sitt spelereglement vert nytta, med nokon tilpassingar for Lerum Cup. Desse, og i tillegg nokre spesifiseringar av NFF sitt reglement, vert presentert under.

For klassar 10-14 år gjeld:

- "Flygande innbyte” ved midtstreken
- Kamptid: 2 x 20 minuttar.
På Hafslo og Kaupanger vert tida styrt frå sekretariatet, med felles start og stopp. På dei andre arenaene vert kamptida styrt av dommar.

- I klassane smågutt/ småjenter (13 og 14år) vert det nytta raude og gule kort etter NFF sine reglar. Tidsbegrensa soning for gule kort gjeld ikkje i Lerum Cup. Kun ved direkte raudt kort, eller utvisning etter to gule kort i same kamp, skal spelar sone i påfølgande kamp. Er utvisninga av særlig grov art vert det opp til juryen og avgjere om det skal sonast fleire kampar, og eventuelt sendast rapport til Fotballkrinsen. Dette gjeld også for bortviste trenarar og leiarar. Laget pliktar å sjå til at karantene vert sona i samsvar med reglementet. Vert ikkje karantener haldne vert det opp til juryen og sanksjonere laget. Brot på dette kan føre til bortvising av heile laget frå turneringa.

- I dei yngste klassane (10 til 12år) skal domaren rettleie, eventuelt kontakte lagleiar for å få spelaren ut av bana om forholdet er graverande nok.

- Laga skal vere klare til kamp ved bana dei skal spele på seinast 10 minuttar før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart utan spesiell årsak, vil tape kampen 3 – 0. Dersom eit lag ikkje møter opp til fleire kampar, vil det verte ei oppgåve for juryen å sanksjonere laget.

- Alle spelarar skal ha deltakarband på armen, som viser at dei er speleberettiga. Har ein ikkje dette vert ein bortvist frå bana.

For klassar som spelar 7-ar fotball

- Alle frispark er direkte frispark

- Det er ikkje lov for målvakta å kaste/sparke ballen over midten, når ballen har vore over dødlinja. Dersom dette skjer skal det blåsast for frispark til motstandarlaget, på midtstreken.
Ved redning kan målvakta kaste eller spele ballen over midten.

Pressfri sone blir praktisert i klassane 10-12 år.
Pressfri sone vil bli merka med stripla linje på tvers av banene.

Dersom eit lag i klassane 10-12 år leiar med 4 mål har motstandarlaget høve til å sette inn ein ekstra spelar.

FOR KLASSAR SOM SPELAR 9-AR FOTBALL

-Banestorleik: (Kun spel på langs av bana, ikkje på tvers)
Lengde maks 73 meter, minimum 68 meter og breidde 50 meter

-Offside skal praktiserast

- Alle frispark er direkte frispark

-Tilbakespelsregel gjeld

-Avstand ved dødball er 9,15 meter

Ellers er det vanlege reglar som for 11 ar fotball-viser til NFF sitt regelverk for spelereglar.

målstørrelse:

7 ar fotball alle klassar: 7 ar mål
9 ar fotball 12 år: 7 ar mål
9 ar fotball 13/14 år: 7 ar mål.


 

DISPENSASJONAR

Bruk av dispensasjonar tek utgangspunkt i Breiddrereglementet i NFF

Følgande presiseringar gjeld:
Overårige:
Bruk av overårige spelarar (maks 1 år) er kun lov dersom det føreligg godkjenning frå krets inneverande år. Klubb skal søke om dette skriftleg til arrangør ved påmelding(via mail).

Sosialmedisinske årsaker:
Bruk av spelarar med dispensasjon av sosialmedisinske årsaker er kun lov dersom det føreligg godkjenning frå krets inneverande år. Klubb skal informere om dette skriftleg til arrangør ved påmelding (via mail).

Bruk av "gjestespelarar":
Det er ikkje lov å nytte spelarar som ikkje er speleberettiga for eigen klubb i turneringa.

Deltaking på fleire lag i turneringa:
For klasse 13-14 år er det ikkje lov å nytta spelarar frå andre lag i eigen klubb som også deltek i Lerum Cup. Ved heilt spesielle orsaker kan arrangør gi dispensasjon etter søknad.

Samansette lag:
Samansette lag må ha skriftleg godkjenning frå krets før sesongstart for å kunne delta i turneringa. Godkjenning må framvisast arrangør skriftleg ved påmelding(via mail)

 

Kampreglement utover spelereglane

Avvikling av spel i klassane 13 og 14 år, både 7ar og 9ar

Rangering etter gruppespel

Etter innleiande spel vert laga i dei ulike gruppene rangert etter:
1. Poeng
2. Målforskjell
3. Innbyrdes oppgjer
4. Antall mål scoret
5. Loddtrekning

Sluttspel:
Sluttspelet vert arrangert etter cup-system. Dersom det vert uavgjort resultat vert laga rangert etter:
1. Flest hjørnespark
2. Straffespark 3 vs 3 ved fortsatt uavgjort, 1 vs 1

Spelarar, protestar og jury

Kven kan delta?
Ein spelar kan delta for klubben sin etter NFF sitt reglement og aldersbestemmingar. Det kan nyttast eit uavgrensa tal på spelarar pr. lag i turneringa, men ein kan maksimalt nytte 16 spelarar pr. kamp. Ein spelar kan berre spele for eitt lag under turneringa.

Protestar:
Dersom ein ynskjer å protestere, skal protest leverast skriftleg av lagleiar sinast 30 minuttar etter at kampen er ferdigspelt. Avgjerda til juryen kan ikkje ankast.

Grunnlag for protest

(1) Protester kan kun fremmes på følgende grunnlag:

a)at et lag har benyttet spiller som ikke var spilleberettiget,

b)feil fra arrangøren av kampen,

c)grove feil ved dommerens forståelse av regelverket, men ikke feil i dommerens skjønnsutøvelse,

d)andre vesentlige forhold som har ledet til at kampen ikke ble avviklet på sportslige vilkår.

(2) Protester kan gjelde både forhold oppstått før og under kampen.