Historie


Lerum Cup har vakse fram som ei av dei største turneringane på Vestlandet, med nærare 300 lag og 4000 deltakarar årleg. Deltakarane er 10-14 år og kjem frå både aust og vest i landet. Lerum Cup går av stabelen i slutten av juni kvart år, og det blir vanlegvis spelt kampar i Hafslo, Sogndal, Kaupanger og Gaupne.  

Cup eventyret i Indre Sogn har eksistert sidan 1989. Få visste den gang at turneringa skulle vekse i eit slikt omfang turneringa framstår som i dag. Eventyret starta med primus motor Lasse Opseth og turneringa talde 28 lag første året. Navnet var den gong Sognefjord BT cup. Opp gjennom åra har både cup-namn og cup-leiarar endra.

Lerum har vore delaktig sidan 1994, men namnet Lerum Cup kom først i 2012.

Lerum Cup er ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL og Kaupanger IL. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.